image003Med ei brennande interesse for baking, særskilt kaker, er det no ein draum som endeleg går i oppfyllelse.

Viktig er det med kortreist mat og lokale råvarer, men vel så viktig syns vi det er med eit skikkeleg handtverk og bakeglede når vi lagar produkta våre.
Hos oss kan du få alt frå brød og kaker, til et utval av gode lunsjmenyar.

 

 

«Omgitt av høge fjell og spektakulær natur ligg den vesle kommunen Norddal med mange små bygder som alle er unike på sin måte. Midt i Valldal sentrum har Sylteormen Bakeri funnet sine lokaler under fjellsida der Sylteormen blei kasta oppi fjellsida av Heilag-Olav i si ferd inn gjennom fjorden»

Denne hendinga finn du blant anna i Snorresagaen.