image002«Ved nyttår 1029 var Kong Olav Haraldsson(Heilag-Olav) på flukt og kom til Valldal med 5 skip. Ferda vart skildra i Snorres Kongesoger, og er ei historisk hending, men i tillegg oppstod ei mengd folkelege historier i samband med dette kongebesøket.

Oppe i Syltefjellet er ei er lys ormeliknande teikning i berget. Det blir fortalt at Heilag-Olav segla inn mot Sylte i Valldal og møtte her ein diger sjøorm som angreip kongeskipet Visund.

Då steig kongen opp i framstamnen og greip tak i ormen, og etter eit hardt basketak vann han over ormen og kasta han med ei åre så hardt opp i fjellveggen at merket er syneleg den dag i dag.

Kanskje var det sjølvaste Midgardsormen Heilag-Olav møtte utanfor Syltebugen, og måtte gi seg i kast med denne styggelege fienden. Ormen i Syltefjellet er såleis det synelege merket på at Heilag-Olav vann i denne striden.»